Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Hardangerfolk og Hordatunet (onsdag 1. september 2010). Les mer om roperten…

Sykling forbudt moro i Odda

Vil du sykle bratt i idylliske Odda må du engasjere deg politisk. Sykkelforbud på de fineste stiene er nemlig til behandling hos Fylkesmannen.


Dette skriv bladet Terrengsykkel i sommarutgåva. Mogleg dette har vore sak i HF eller andre stadar, men det har i såfall gått meg hus forbi. Saka er både reklame for nydelege Odda, med Cato Lægreid i spissen som god ambassadør, men det pirker også i såret der alt Oddingane gjer, også sykling i naturpark, skal opp til vurdering hos Fylkesmannen.

Biletserie med 5 bilete — bla med å trykkje på pilene

Nokon som veit korleis det går med saka i fylket?

Kommentarar

Herdis, – overskrifta di her må vere noko av det mest tabloide som har vore på Origo! Sjølvsagt er ikkje sykling forbudt i Odda! Kjenner du grensene for Folgefonna nasjonalpark? I såfall veit du at køen for å sykle i den nasjonalparken er svært liten. Og liene her inne ligg utanfor nasjonalparken, både Tokheimslia og Freimslia (som det er bilde frå). Blir litt sur når eg ser slik svartmaling av samfunnet vårt. Så galt er det tross alt ikkje her!

:) Tabloid? Vel, det er jo ikkje eg som står som avsendar for artikkelen i Terrengsykkel!

Jada, men du vidareformidlar ein tabloid artikkel utan sitattegn og sprer dette vidare ut til “folket”. Og for å vere klar – eg er ingen stor tilhengar av nasjonalparken, men skal vi kritisere må vi halde oss til fakta. Korleis er så vernereglane?
Vernereglar for Folgefonna nasjonalpark
§ 3.5.2 – Sykling og bruk av hest
“Sykling og organisert bruk av hest er berre tillate langs trasear som er godkjende for slik bruk i forvaltningsplanen etter § 5.”
Og det er forvaltningsplanen som har vore ute til høyring. Utan at sykling har vore kampsak.

Ingressen og bildene viser at dette er sitat. Eg skriv også at dette ikkje er mine ord, men Terrengsykkel sine. Og det er ikkje mi kampsak, eg er berre videreformidlar av info som eg ikkje visste om var kampsak i Odda eller ei. Som eg viser på bildet, er NOTS ganske klare på at det ikkje finst noko grunn til å legga begrensningar på sykling på stiar i nasjonalparkar. Men veit du kor mange traseer i Odda som er (ikkje) godkjendte?

Annonse

Nye bilder