Kulturminnehelga i Odda
LO i Odda og Omland har i samarbeid med lokale eldsjeler tatt initiativ til det vedlagde programmet.
Programmet vil for det meste gå av stabelen på den tidlegare Smelteverkstomta, bortsett frå søndag 3. mai – då det nasjonale kulturminnet Tysso 1 kraftanlegg blir arenaen. Denne helga er eit av dei største regionale arrangementa i Kulturminneåret 2009 i Norge.
Programmet gjennom tre dagar blir ein kombinasjon av tradisjonell 1. mai-feiring, litteratur, song og musikk – og med ROCK MOT RUS som ein gjennomgangsmelodi. Her blir Veteranbilutstilling, opning av ei ny Kulturminneløype i Odda sentrum saman med Odda-forfattaren Frode Grytten og ein spanande kulturminnekonferanse med tema: Kraft, industriarv og arbeidarkultur. På denne konferansen blir det og presentert spanande skisser og planar for ny bruk av det tidlegare smelteverket i Odda sentrum.
Etter 1. mai-toget blir det arrangert ein rikspolitisk paneldebatt i det gamle fabrikklokalet Lindehuset. Her blir det fokus på aktuelle spørsmål som industrikraft, lokalsjukehus og utvikling av smelteverkstomta.
Arrangørane har som mål at dette programmet kan skape ein ny giv og ein ny vår for heile Odda-samfunnet.
1. mai
- 0800 Salutt og flaggheising (Rådhusplassen og Smelteverksporten)
- 1100 Solidaritetsgudsteneste på Smelteverket (Lindeplassen) v/sokneprest Atle Moe
Solidaritetsappell v/Dijana Milecevic Saga - 1100 Gratis filmframsyning for barn i Kinosalen
- 1200 – 1400 Ope for barn på Vitensenteret – Bygg og test båter ved “strikkbåtverftet” vårt
- 1200 – 1500 1. mai-kafe v/Smelt Sal av eplesaft, suppe, pizzahjul, kaker og mykje meir
- 1200 Odda Rockeklubb : ”Rock mot rus”: The Accident, No Name
Frode Grytten, Lasse Trædal, Lars Ove Seljestad og Vidar Våde. - 1300 Kranspålegging ved monumentet over dei falne på Rådhusplassen
Paul Arne Hjørnevik les dikt. Odda musikklag spelar. - 1330 Korpsmusikk på Lindeplassen. Appellar og kulturinnslag
Internasjonal appell v/Abbas-Gholi Chalali
Sjukehusappell v/Leiv Varberg - 1400 Hovedtale ved Jan Davidsen, leiar av Fagforbundet i Norge
- 1430 Appell for Industrikraft NO! v/Solfrid Horne-Moe (IndustriEnergi)
Appell v/Jannie Skjerven og Ann-Helen Håvik (REAGER!!!) - 1445 Togoppstilling på Lindeplassen.
1. mai-parolar:
• Industrikraft NO!
• Styrk lokal sjukehuset i Odda!
• Nei til kutt og privatisering i offentleg sektor!
• Arbeid til alle på tariffløn!
• Nei til rasisme – ja til internasjonal solidaritet!
• Sats på kultur og industri – la distrikts-Norge leve!
• REAGER!!!
• Forsvar offentleg tenestepensjon
• 6 timars dag med full lønskompensasjon - 1500 Salutt. Internasjonalen. Toget går via Odda Sjukehus.
- 1600 Rikspolitisk debatt i Lindehuset
Tema: Lokalsjukehus, industrikraft og utfordringane på Smelteverkstomta
Dag Ole Teigen (AP), Per Kristian Foss (H), Øyvind Korsberg (Frp), Terje Breivik (V), Torstein Dahle (Rødt), Gina Barstad (SV) - 1800 Rock mot Rus på Lindeplassen med No Name og The Accident.
- 1800 Dagleglivets kulturminne: Ope i arbeiderbustadane, museet i Folgefonngata.
- 2000 Litterær dugnad i Lindehuset.
Anne Lise Berntsen og Trygve Brøske. Frode Grytten, Lars Ove Seljestad, Linda
Eide, Lasse Trædal og Marit Eikemo. Konferansier: Arne Speed Michaelsen.
Inngang: kr. 200,- - 2230 – 0200 1. mai-fest med dans i Lindehuset. (Aldersgrense 18 år)
Odda Rockeklubb: Norsk Standard og Meet
Inngang: kr. 200,-
kr. 100,- for deltakarar på Litteraturdugnaden
2. mai
- 1000 Kulturminneløype i Odda sentrum: ”Min vesle by, min vesle by”
i arbeidarbustadane, museet i Folgefonngata
Lansering av kulturminneløypa i Odda v/ ordførar Gard Folkvord
Frode Grytten les. Biletspel. - 1030 Opning av Veteranvognutstilling på Smelteverkstomta.
Gratisturar med veteranbuss rundt i Odda kl. 13-15. - 1200-1400 Ope for barn på Vitensenteret – Bygg og test båter ved “strikkbåtverftet” vårt
KULTURMINNEKONFERANSEN 2009
”KRAFT, INDUSTRIARV OG ARBEIDARKULTUR”
Gratis inngang – open for alle
- 1100 Innsjekking og kafé i Lindehuset.
- 1130 Opning ved:
Sidsel Hindal, prosjektleiar Kulturminneåret 2009,
Gard Folkvord, ordførar i Odda kommune - 1145 Forfattar Marit Eikemo:
Kva kan vekse ut av ein ruin? Om identitet og framtid i Odda. - 1200 Forskingsleiar Elisabeth Bjørsvik (NVIM):
Odda Smelteverk og Tyssedal kraftanlegg i internasjonalt perspektiv. - 1230 Per Einar Faugli (NVE): Kulturminne i norsk kraftproduksjon.
- 1300 Spørsmål – kommentarar – kort pause med sal av forfriskingar.
- 1330 Forfattar Lasse Trædal: ”Arbeidsfolk fortel”.
Eit stort intervjuprosjekt med tidlegare Smelteverksarbeidarar og andre oddingar. Spørsmål og kommentarar. - 1415 Forfattar Jo Stein Moen: Den spanske borgarkrigen – Norge og Odda (1936-1939). Spørsmål og kommentarar.
- 1500 Lunsj og omvising i Containerverkstaden og Smelt kafé.
- 1600 Forfattar og filmskapar Anne Gullbjørg Digranes: ”Filmbyen Odda” – Tankar omkring mogelegheitene for filmstudio med kontinuerleg filmproduksjon på Smelteverkstomta
- 1630 Arkitekt Gro Lavold: Idear og skisser for gjenbruk av verneverdige industrianlegg på Smelteverksområdet.
- 1700 – 1830 KulTur
Presentasjon av idear for gjenbruk av verneverdige industrianlegg på Smelteverksområdet - 1900 – 0100
Rock mot rus – Smelteverksrock i Lindehuset.
The Accident, No Name, Brutal Homo, Jitney, Major Parkinson
Inngang kr. 200,- /100,- under 18 år (under 12 år saman med føresette).
ARRANGØR: Odda Rockeklubb
Etter arrangementet – gratis buss for ungdom.
Kjører strekningene Odda-Tyssedal, Odda-Eitrheim, Odda-Eide- Eidesåsen
Bussen er utlånt av Odda Rutebuss v/Per Ystanes
3. mai
KULTURMØNSTRING I TYSSEDAL KRAFTANLEGG.
*1100 ”I RALLARENS FOTSPOR” med Vidar Våde og Terje Kollbotn
Rallarbuss frå Odda Busstasjon via Tyssedal til Skjeggedal.
Opplev rallarens rike og Tysso I kraftanlegg.
Damanlegg, lukehus, dynamittlager, vasstunellar og ventilhus på Lilletopp, vandring røyrgatelangs,
gjennom Tyssedal og ei kraftfull oppleving i Tysso 1 kraftstasjon.
Retur til Odda kl. 1600.
Pris kr. 100.-
Påmelding til NVIM innan 29.april kl. 1500 på tlf. 53 65 00 50


Kommentarar
Åh, for ei spennande helg!! Eg gleder meg:-)