IrisoteFikk ønske av mannen min om å ha irisote til middag, så då gikk eg på oppskriftsjakt, først i mine egne kokebøker, for eg har laga det tidligare. Men fant ingenting! Då går ein til internett, men fikk kun eit treff, og det var ei som hadde skrive i bloggen sin at ho hadde laga det til middag, men ingen oppskrift! Syns det va rart at eg ikkje fant noen oppskrift, så eg prøvde mange forskjellige skrivemåtar, men fortsatt ingen treff. Noen som veit? I så fall e det ganske kult, for i Odda e jo irisote temmelig vanlig! Har fått det i minst ein dåp, og i alle fall to gangar på ulike arrangement i Ungdomshallen. Har du sett sykkelen min?Mellom kl. 20.00 i går (torsdag) og kl. 19.00 i dag var det noen frekke tjuvar som stjal sykkelen min. Den stod låst fast til ein murvegg på Motippen i Odda sentrum bak ein port som var låst med hengelås (den er fortsatt intakt). Eg frykte vel at dette er “proft opplegg” men det er jo forsøket verdt å høra om noen kan ha sett den eller noe.
Sykkelen er ein Scott sporster P45 hybridsykkel og som du ser på bilde over så har den skjermar, støtta, ekstra sidehåndtak på styret, drikkeflaskeholder (drikkeflaska var ikkje på når sykkelen blei stjelt), sykkelpumpa (liten type), sykkelveska under sete var ikkje på når sykkelen blei stjelt. Tips mottas med stor takk! Kven har sagt at industriruiner ikkje kan brukast?Enjoy! Dette er film for hygge – ikkje tolkast som direkte oppfordring :) via @erlendloe på twitter. Sagåsen får Pondus-prisenAftenbladet skriv i dag om oddingen Øyvind Sagåsen som får Pondus-prisen på 100 000 kroner. Det er veldig fortent! Sagåsen er sjølvsagt den einaste verdige kandidaten til å vinna ein såpass stor og ærefull pris! Folk i Odda tar av seg hatten og bukkar djupt i respekt! Del gjerne artikkelen på Facebook også, sånn at fleir får med seg den glade nyheita. NRK-program om Odda, Tyssedal og industrienGjekk du glipp av NRK-programmet Håkon & Haffners byggeklosser 4:6 ? I dette programmet får vi sjå om industrien i Odda og Tyssedal. Dei tek litt av debatten og visar oss dammane, kraftproduksjonen og industribygga.
Meir info fins på heimesida hakonoghaffner.no Takk til Anne G. for påminning om denne 24 minutter lange TV-episoden Dagbladet: Kraftens arkitekturDagbladet posta akkurat ein kjempefin artikkel om kraftanlegga i Røldal og Suldal. Sjølv om Suldal-delen ligg utforbi vår kommune, ligg Røldal-delen i Odda kommune og saka passar difor veldig fint her på odda.origo.no Kjempefine bilete og flott artikkel! Oppdatert HF og h-avis har også kasta seg på med kvar sin artikkel om betongarkitekturen: Odda får terningkast seks i skule og helseDet er likevel ingen bra plass å bli gammal. Det er kommunebørsen til Dagbladet som seier så. Talla er basert på KOSTRA-tala som kommunane sjølve rapporterer.
Her er søket på Odda God kronikk frå arkitektstudentarStyrkaar Kustveit og Martin Bergsmark Vodde skreiv i går 6. juli 2011 ein kronikk i Hardanger Folkeblad. Det er noko av det beste eg har lest om smelteverkstomta. Dei klarte med enkle grep å gjera noko nytt av tomta, som folk liker og står sammen om, og foreslår korleis ein kan jobbe med tomta vidare. Kort oppsummert foreslår dei:
Håper arkitektstudentane legg ut innlegget digitalt – eller bedre: at Hardanger Folkeblad legg ut kronikken slik at også fleire enn dei som er heime og les avisa får det innlegget med seg. Det er god lesning. Annonse | |||||||||||
Nyaste kommentarar